Seminar fra BDO

Bygg- og anleggsanalysen 2025 - Kvitseid

seminar
November 27, 2025 - CUT

Telemark Næringshage Kviteseidgata 18Kvitseid, Norge

BDO inviterer deg til FRUKOSTSEMINAR i Telemark Næringshage i Kviteseid, torsdag 27. november kl. 08.30. 

Kor står bygg- og anleggsbransjen akkurat no – og kva ventar oss rundt neste sving? 

Start dagen med ein god frukost før BDO presenterer den ferske, nasjonale Bygg- og anleggsanalysen for 2025 – vår årlege gjennomgang av tilstanden i ei av Noregs viktigaste næringar. 

Sidan 2018 har vi systematisk samla inn og analysert tal og trendar som påverkar utviklinga i bygg- og anleggsbransjen. 

Årets analyse inneheld oppdaterte tal, innsikt og vurderingar frå bransjen sjølv. Her får du perspektiv, inspirasjon og kunnskap for deg og di verksemd. 

Årets analyse gjev deg eit oppdatert bilete av: 

  • Dei viktigaste bransjetrendane nasjonalt og regionalt 
  • Kva kan me vente oss framover? 
  • Kva skil Telemark frå resten av landet 
  • Eit eige djupdykk i produktivitet – ein nøkkelfaktor for lønsemd og konkurransekraft 

Program 

  • Presentasjon av BDO si Bygg- og anleggsanalyse 2025 – Korleis ligg Telemark an sett mot resten av landet? v/ Geir Bjarne Sørensen, partnar og regionsleiar BDO 
  • Marknaden no og framover – ser me ljos i tunnelen? v/ Per Ivar Magnushommen, Skorve Entreprenør 
  • Korleis er utsiktene for bygg- og anleggsbransjen, sett frå ein bank? v/ Øystein Sørensen, banksjef for bedriftsmarknaden i Telemark, Sparebanken Norge 
  • Open diskusjon og spørsmål frå salen – ver med i samtalen, og del erfaringar, tankar og forventningar for året som kjem. 

Det blir frukost frå kl. 08.00 til 08.30, og me rundar av innan kl. 10.50. 

Meld deg på via den raude knappen til høgre. 

Velkomen!