Treng du ein revisor, forretningsadvokat eller rett og slett ein rådgjevar? BDO satsar på Sunnhordland, og er eit leiande revisjons- og rådgjevingskontor i regionen. Med lokalt nærvær, og ei unik forståing av lokalt nærings- og samfunnsliv, kan me hjelpa verksemda di. Me kjenner utfordringane, ser moglegheitene og engasjerer oss sterkt for at du skal nå måla dine.
Kva kan me hjelpa med?
Revisor
Dei erfarne revisorane våre på Stord set seg inn i verksemda di, uansett storleik og kompleksitet, og bidrar til å sikre at finansiell informasjon er riktig. Med dei tverrfaglege ressursane våre utfører me ein effektiv og målretta revisjon, og sikrar leveransar av høg fagleg kvalitet. Les meir om revisjon i BDO her.
Consulting
BDO har eit av landets mest spesialiserte rådgjevingsmiljø i privat og offentleg sektor. Me kan såleis hjelpa kundane våre i Sunnhordland med alt frå verksemdstyring og økonomistyring, til forretningsutvikling og transaksjonsstøtte. Les meir om BDOs Consulting-tenester her.
Forretningsadvokat og skatteadvokat
Ved å velja ein advokat frå BDO får du ein juridisk partnar som kan gi deg trygge råd. Advokatane våre har lang erfaring med nasjonal og internasjonal skatterett, meirverdiavgift og selskapsrett. Våre forretningsadvokatar hjelper kundar ved oppkjøp, fusjonar og fisjonar, selskapsetableringar, omorganiseringar og tvisteløysingar. Les meir om kva advokatane våre kan hjelpa deg med her.
Om BDO på Stord
BDO har vore til stades på Stord i mange år, og me har god kjennskap til det lokale næringslivet. Me jobbar tett med ulike verksemder i heile Sunnhordland. Kundane våre famnar om små og mellomstore verksemder - til dei større. Me kan hjelpa verksemda di, uansett storleik. Breidda vår gjer at me har kjennskap til mange ulike bransjar.
Ein annan fordel for våre kundar er at me samarbeider tett med dei andre kontora i Rogaland og Vestland. Med meir enn 70 kontor rundt om i landet, kan me òg trekka inn andre nasjonale ressursar, og tilby brei kompetanse ved behov. Og skulle du ha behov for bistand andre stader i verda - er me til stades der også. Det gir tryggleik om at me kan hjelpa deg og verksemda di heile vegen..
Møt ein av våre tilsette ved BDO Stord
Astrid Bjørk
Ved BDO sitt kontor på Stord er det tre partnarar og seks tilsette som kvar dag jobbar for at du som kunde skal få dei beste råda.
Astrid Bjørk er ein av revisorane ved BDO Stord. Her kan du bli litt betre kjent med ho.
Astrid er registrert revisor og manager hos BDO. Ho kom inn i BDO via ein integrasjon med Inter Revisjon Sunnhordland i 2012. Astrid har brei og allsidig erfaring frå fleire ulike bransjar, samt erfaring med bistand knytt til rekneskaps- og skattemessige problemstillingar for mindre og større selskap gjennom mange år.
På fritida driv Astrid med ulike kreative hobbyar, og er elles ein engasjert støttespelar i lokal barne-/ungdomsfotball og barneteaterlag.
Du finn ei oversikt over fleire andre tilsette ved Stord-kontoret her.
BDO heier på lokalsamfunnet
Me i BDO ynskjer òg å bidra til eit godt lokalsamfunn i Sunnhordland. Det gjer me ved å støtte opp om lokale initiativ. Me er stolt sponsor av fleire lag og foreiningar i Sunnhordland. Her er nokre av dei me støttar:
Kontakt oss
Me held vi til i lyse og trivelege lokale i 3. etg i Bytunet i Leirvik sentrum. Du treffer oss på kontoret - eller du kan ta kontakt med oss via skjemaet under.
Velkomen til oss!